Rekord 7:53 frå 2011Utruleg, men sant...
Posted by Gøyanger on 31. mai 2013
Når du førehandspåmelder deg gjer du det også lettare for oss som arrangerer. Dei som melder seg på før 30. mai får difor ei eksklusiv Trappe-t-skjorte.
Førehandspåmelde deg gjer du her. Har du ikkje registrert brukar/profil hos EQ timing vel du "continue without logging in".
Det vert høve til å nytte garderobar/dusj i Høyangerhallen. Desse vil vere opne i tidsrommet: 10.00-16.00
Lagkonkurransen er ei (u)høgtideleg tevling, som er eit perfekt mål for felles trening på arbeidsplassen, i vennegjengen, eller i idrettslaget.
I år blir det to lagklassar; ein for bedrifter og en open klasse for andre. For påmelding av lag send e-post til synne@goyanger.no.
NB! Sjølv om du har meld på laget med deltakarar, må den enkelte deltakar melde seg på i konkurranseklassen. Det kan du gjere her
REGLAR LAGKONKURRANSE
- Kvart lag må bestå av minimum 3 deltakarar, uavhengig av kjønn. Dei tre beste tidene blir gjeldande.
- Damene som deltek på laget får eit fråtrekk på 20% av tida som grunnlag for lagtida.
- Dei over 50 får 10% fråtrekk på tida som grunnlag for lagtida. Dvs. Herrer over 50 får 10% fråtrekk, medan damer over 50 får totalt 30% fråtrekk.
- Deltakarane deltek i den klassen dei tilhøyrer, samtidig som dei deltek i lagkonkurransen.
- Premiering i bedritsklassen er vandrepokal som kan vinnast til odel og eige når ein har vunne tre år på rad. Vinnarlaget i lagkonkurransen får gåvesjekk på 500,-.
- Påmelding her på nettsida, eller i sekretariatet i samfunnshuset på løpsdagen. Pris for å stille lag i lagkonkurransen er 200,- . Dette kjem i tillegg til påmeldingsavgift i aktiv klasse for kvar enkelt deltaker. Hugs t-skjorte til dei som melder seg på før 6. juni!
- Kva som er eit bedriftslag: Ved større bedrifter er det påkrevd at alle på laget jobbar på arbeidsplassen. Småbedrifter med få tilsette vert det utvist eit visst skjønn ved kva som er «tilsette» og ikkje. Ein form for relasjon skal det vere. Fleire småbedrifter kan fusjonere/stille felles lag saman. Sekretæriatet vurderer kva som er «gyldig lag» i kvart enkelt tilfelle.
Deltakarar er pliktig til å ha synleg startnummer festa på brystet. Startnummer skal ikkje brettast.
Det er forbode å starte på ein annan deltakar sitt nummer. Legitimasjon kan bli avkrevd ved tvil.
Alle plikter å bere tidtakingsbrikke på venstre ankel.
All påmelding er bindande. Startkontigent vil ikkje bli refundert sjølv om den påmeldte av ulike årsakar ikkje kan delta.
Staver er ikkje tillete i aktive klasser.
Mosjonsklasse er uten tidtaking.
Sko med piggar er forbode.
Dei som kjem bakfra har forkjørsrett. Rop løype når du vil forbi
Blir du teke att går ein til venstre side og slipper forbi. Dei som hindrar andre løperar å passere vil bli vurdert diskvalifisert.
Ev. protestar skal leverast i sekretariatet innan følgjande fristar:
- Mot forhold i løpet: 30 min etter målpassering
- Mot resultattid: 30 min etter at resultater er kunngjort.
Protesten skal vere skriftleg og eit gebyr på kr. 100,- skal innbetalast sammen med protesten.
Beste tid: 2000,-
Løyperekord: 3000,-
Aktive: 1. -2. og 3. premie i kvar klasse får Gavekort frå Sport'n Høyanger.
Deltakarpremie aktive: T-skjorte*
*Ved påmelding etter 30. mai er det ikkje garantert.
Ein gjer merksam på at vinnarar (også klassevinnarar) må vere til stades under premieutdelinga for å kunne motta premie.
Førehandspåmelding aktiv klasse skjer vha. elektronisk påmelding her
Påmelding på løpsdagen skjer ved samfunnshuset i Høyanger fram til kl. 11.30. Det vil IKKJE vere høve til å melde seg på i trappa/ved start.
Sjølv om du har meldt deg på via Gøyanger sine nettsider må du møte opp i sekretariatet før kl 11.30 på løpsdagen for å motta startnummer og startbrikke.
Vert i Høyanger samfunnshus i Høyanger sentrum. Påmelding trimklassen Trappeløpet vert ved starten av trappene.
Førehandspåmelding (t.o.m. 30. mai)
Under 18 år på konkurransedagen: 200,-
Over 18 år på konkurransedagen: 250,-
Førehandspåmeldte får Trappe-t-skjorte
Etterpåmelding (31. mai eller seinare):
Under 18 år på konkurransedagen: 200,-
Over 18 år på konkurransedagen: 250,-
Er ikkje garantert Trappe-t-skjorte.
Klassar, både herre og kvinne: 12-15 år, 16-18 år, 19-29 år, 30-39 år, 40-49 år, 50 -59 år, over 60.
Deltakarar stiller i klasse etter alder. Til dømes stiller ein 15 åring som blir 16 år i gjeldande kalenderår i klassen 16-18 år.
Det er elektronisk tidtaking på Trappeløpet. Kvar deltakar vil få utdelt ei brikke som registrerer start og målgang. Løpar er ansvarleg for brikka, og ved tap må løpar betale kl. 150,-