<< Attende

Barnetriathlon

Barnetriathlon er uhøgtidleg morro (...men for ungane er det FULL GASS!). Her er det kombinasjonen av løp, blink-kasting og nytt av året - hinderløype! Alt foregår i rundløype i sentrum.

Det er fantastisk å sjå innsatsen til dei små - så dette er vel verdt å få med seg også for publikum!

Det vert delt opp i ulike årsklassar. Påmelding i sekretæriatet i Samfunnshuset.

Deltakaravgift: 100,- pr. born (med deltakarskjorte). Maks pris for familie med fleire born 250,-.