<< Attende

Parkering

Det vil bli redusert framkommeligheit og parkeringskapasitet i Høyanger sentrum denne dagen. Store delar av sentrum kjem til å vere avstengt for trafikk, og det vil bli skilta omkøyring. Sentrum/Bytorget vil bli avstengt for trafikk f.o.m. fredag morgon.

Deltakarar vert oppmoda om å nytte parkeringsplassane ved Hydro, Høyanger vgs. og Høyangerhallen.

Generellt på laurdag vil vi  oppmode alle som må nytte bil, om å nytte parkeringsplassane på Leira, «Gatisen», Valhall, Høyangerhallen i staden for sentrum. Ved køyring i/til sentrum må du rekne med ein del venting.Det er god parkeringsplass ved Høyanger Vidaregåande Skule.

Mellom anna vert Hagegata og Storgata delvis stengt i periodar.