<< Attende

Historie

Saman med trallebana og røyrgatene strekker trappene seg oppetter dei ville fjellsidene. Dei mektige røyrgatene temte dei enorme vassmengdene på veg ned til kraftverka i Høyanger.

Etter å ha vore sentral under bygginga av røyrgata, fekk trappene stor betydning for å knytte Høyangerfolket til fjellet. Både trappene, røyrgata og trallebana er i dag historieberarar om tida då industrien kom til bygda.

I år er det 24. året med løp i trappene! Store namn som Oddvar Brå, Knut Johannessen, Grete Waitz og Jon Tvedt har tidlegare kasta glans over løpet. Trappeløpet vert arrangert i eit samarbeid mellom IL Høyang si friidrettsgruppe og Gøyanger.

Rekorden er på imponerande 7:53 (Thorbjørn Thorsen Ludvigsen). Likevel er dette også eit arrangement for heile familien. I hyggjeleg familiefart er kan ein oppleve turen på ein liten time.